Utlånsrutiner

All bruk av utstyret skjer på eige ansvar.

Den som låner utstyret, må sjølv dekke kostnader ved reparasjonar eller innkjøp av nytt utstyr, dersom utstyret skulle bli øydelagt. Dette gjeld ikkje normal slitasje. Utstyret leverast tilbake i same tilstand som ved utlån. Lavvoar, redningsvestar, soveposar og anna utstyr skal vere tørt og reint ved innlevering. Avvik skal meldast frå om ved innlevering til Utstyrssentralen.

Utlånsreglar;  

•    Vanleg lånetid er maks. 7 dagar. Lengre lånetid kan avtalast.

•    Det forutsettast at lånetakar set seg inn i bruken av utstyret, og at bruk skjer forskriftsmessig og på eige ansvar.

•    Kajakk/kano krev spesielle kunnskapar, og vi forutset at lånetakar ved lån av kajakk/kano har kunnskap om   bruken. 

•    Kun vaksne over 18 år kan stå som lånetakar av utstyret. Dersom ungdom under 18 år ynskjer å låne utstyr, må dei ha fullmakt frå føresette.

•    Utlånar står ikkje ansvarleg ved skade på personar.

•    Den som låner utstyret er erstatningsansvarleg ved skada eller øydelagt utstyr.

•    Lever utstyret tilbake i same tilstand som ved utlån, gje beskjed viss noko er øydelagt eller dårlig. Ikkje reingjort/vått utstyr belastast med kr. 200 som erstatning.

•    For sein innlevering blir fakturert med kr. 100 pr. dag etter innleveringsdatoen.

Lånetakar signerer på utlånsskjema før utlevering

Utlånsreglar for Øystre Slidre Utstyrssentral,  Furustrand

Brosjyre Øystre Slidre utstyrssentral




2024 © Øystre Slidre frivilligsentral