Velkommen til oss
"DEN STØRSTE GLEDA EIN KAN HA, DET ER Å GJERA ANDRE GLAD!" Frivillig arbeid er ei investering i både eige og andre sine liv. Øystre Slidre frivilligsentral tilbyr varierte folkehelsetiltak, og bidreg til å gje frivillige og deltakarar kvardagsglede. Vi meiner at gode møteplassar er den beste medisinen som fins!
Hva skjer?
Dato | Kl. | Tittel | Sted |
---|---|---|---|
Fre 04.04 | 11:00 | Fredagskafé | Moatunet |
Man 07.04 | 11:00 | Babytreff | Moatunet |
Tir 08.04 | 11:00 | Håndarbeidstreffet Bøndingen | Moatunet |
Ons 09.04 | 18:00 | Onsdagsdans | Moatunet |
Fre 11.04 | 11:00 | Fredagskafé | Moatunet |
Om oss
Ta kontakt eller kom innom for ein prat om kva vi kan gjera for deg og kva du kan gjera for andre.
Aktiviteter
Turar i nærmiljøet og til fjells deler av året etter eige datoliste.
Les merTysdagar kl. 11.00 - 13.00 på Moatunet
Les merBabytreff på Moatunet måndagar kl. 11.00.
Les merMusikktreff på Moatunet sundagar (datoliste) kl. 18-20
Les merTreng du hjelp til små praktiske oppgåver i heimen eller har du lyst til å hjelpe andre?
Les merSittedans kvar onsdag for bebuarane i omsorgsboligane i Moavegen 25 kl.12.00-13.00.
Les merHøgtlesing og allsang måndagar (datoliste) på Helsetunet kl. 11.30-12.30.
Les merOnsdagsdans på Moatunet annankvar onsdag kl. 18-21 (oddetalsveker).
Les merKafé på Moatunet kvar fredag kl. 11-13.
Les merUtstyrssentral
Utstyrssentralen i Øystre Slidre tilbyr gratis utlån av utstyr til sports- og friluftsaktivitetar både sommar og vinter. Formålet for utlån er å stimulere og gje alle høve til å delta i fysisk aktivitet og friluftsliv. Skular/barnehagar, lag og organisasjonar, familiar og enkeltpersonar kan låne sports- og friluftsutstyr gratis. Frå 1.september 2017 er utstyrssentralen lokalisert i eit eige lager ved Kraftslagsbygget, Vindevegen 5 (bak Sebu Bil og Bensin). Utstyrssentralen har opningstid mån - fre kl. 9-15. For lån av sports – og friluftsutstyr frå utstyrslageret i Vindevegen, kontakt Arbeid og Aktivitet tlf. 975 31 190/613 40 565. For lån av utstyr lagra på Furustrand (båt, kano, kajakk m.m), kontakt Frivilligsentralen tlf. 976 05 755. I sommarferien er det kioskvakta på Furustrand som låner ut utstyret der.