Velkommen til oss
"DEN STØRSTE GLEDA EIN KAN HA, DET ER Å GJERA ANDRE GLAD!" Frivillig arbeid er ei investering i både eige og andre sine liv. Øystre Slidre frivilligsentral tilbyr varierte folkehelsetiltak, og bidreg til å gje frivillige og deltakarar kvardagsglede. Vi meiner at gode møteplassar er den beste medisinen som fins!
TILGJENGELIGHEIT: Lokala våre (Moatunet) er lett tilgjengeleg med P-plass 2-10 m frå inngangsdøra, trinnfri inngang og automatisk døropnar. Vi har HC-toalett og gode stolar, også kvilestolar. Vi brukar mikrofon/høgtalar for å sikre god lyd.
Vi ynskjer at Moatunet skal vera ein inkluderande møtestad for alle, uansett funksjonsevne. Dersom du har behov for tilrettelegging eller har innspel til korleis vi kan bli betre, tek vi gjerne imot tips og forslag.
Hva skjer?
| Dato | Kl. | Tittel | Sted |
|---|---|---|---|
| Tir 21.04 | 09:00 | Utlån av sportsutstyr | Vindevegen 5 |
| Tir 21.04 | 11:00 | Håndarbeidstreffet Bøndingen | Moatunet |
| Ons 22.04 | 18:00 | Onsdagsdans | Moatunet |
| Fre 24.04 | 09:00 | Utlån av sportsutstyr | Vindevegen 5 |
| Fre 24.04 | 11:00 | Fredagskafé | Moatunet |
Om oss
Ta kontakt eller kom innom for ein prat om kva vi kan gjera for deg og kva du kan gjera for andre.
Aktiviteter
Turar i nærmiljøet og til fjells deler av året etter eige datoliste.
Les merTysdagar kl. 11.00 - 13.00 på Moatunet
Les merMusikktreff på Moatunet sundagar (datoliste) kl. 18-20
Les merTreng du hjelp til små praktiske oppgåver i heimen eller har du lyst til å hjelpe andre?
Les merHøgtlesing og allsang måndagar (datoliste) på Helsetunet kl. 11.30-12.30.
Les merOnsdagsdans på Moatunet annankvar onsdag kl. 18-21 (oddetalsveker).
Les merKafé på Moatunet kvar fredag kl. 11-13.
Les merHer kan dei som har lite å kjøpe for, hente seg gratis utstyr. I tillegg kan alle andre koma hit å kjøpe brukt utstyr.
Les merUtstyrssentralen tilbyr gratis utlån av variert sport- og friluftsutstyr.
Les merUtstyrssentral
Utstyrssentralen i Øystre Slidre tilbyr gratis utlån av utstyr til sports- og friluftsaktivitetar både sommar og vinter. Formålet for utlån er å stimulere og gje alle høve til å delta i fysisk aktivitet og friluftsliv. Skular/barnehagar, lag og organisasjonar, familiar og enkeltpersonar kan låne sports- og friluftsutstyr gratis. Frå 1.september 2017 er utstyrssentralen lokalisert i eit eige lager ved Kraftslagsbygget, Vindevegen 5 (bak Sebu Bil og Bensin). Utstyrssentralen har opningstid tys + fre kl. 9-15.
For lån av sports – og friluftsutstyr frå utstyrslageret i Vindevegen, kontakt Arbeid og Aktivitet tlf. 975 31 190. For lån av utstyr lagra på Furustrand (båt, kano, kajakk m.m), kontakt Frivilligsentralen tlf. 976 05 755. I sommarferien er det kioskvakta på Furustrand som låner ut utstyret der.