4. Frivillig

Har du lyst til å vera frivillig?

Øystre Slidre Frivilligsentral har ca. 70 frivillige som hjelper til på aktivitetar eller tek på seg små hjelpeoppdrag. Frivillig arbeid er sosialt og meiningsfullt og bidreg til mange gode møteplassar for innbyggjarane i kommunen.

Kor mykje tid du vil bruke og kva du ynskjer å bidra med, bestemmer du sjølv.

Frivillig arbeid passar for deg som:

  • Ynskjer å fylle kvardagen din med positive møte mellom mennesker
  • Har litt tid til overs og har lyst til å bruke fritida di til å hjelpe andre
  • Er ung, arbeidstakar, arbeidsøkjar eller pensjonist

 

Eksempel på oppgåver kan vera:

  • Hjelpe til på våre faste aktivitetar
  • Vere turven/besøksven
  • Praktiske oppgåver som; snømåking, hagestell, handling eller liknande.
  • Halde kurs, starte ei sjølvhjelpsgruppe.
  • Rådgjevingteneste – har du eit yrke eller ein hobby som kan være interessant for andre?
  • Leksehjelp, reservebesteforeldre/barnevakt og mykje, mykje meir.

 

Vil du melde deg som frivillig, eller kanskje du vil veta litt meir?
Kom gjerne på besøk til oss.

 

Treng du hjelp av frivillige?

Vi har mange frivillige som kan hjelpe til med små oppdrag.

Les meir om dette under faste aktivitetar (hjelpeoppdrag).

Hugs at dei frivillige ikkje nødvendigvis har den kompetanse som trengs til ulike hjelpeoppdrag.

Enkelte jobbar som utgjer ein fare for dei frivillige, må me desverre sei nei til. (Til dømes å klatre høgt opp under mønar eller opp på  eit tak og lignande.)

Alt utstyr som den frivillige må bruke, må brukaren sjølv skaffe.

Alle dei frivillige er underlagt taushetsplikt.


2024 © Øystre Slidre frivilligsentral