6. Teieplikt

Personer som tek oppdrag for frivilligsentralen må ha akseptert teieplikt.

Teieplikt

Som frivillig forpliktar eg meg hermed til ikkje å bruke, utlevere eller på annan måte gjera tilgjengeleg for uvedkommande informasjon om alle personlege opplysningar som eg er vorte kjent med i mitt arbeid i tilknytning til frivilligsentralen.

Eg vil også vise aktsemd i omtale av andre forhold som eg blir kjent med eller erfarar under mitt arbeid.

Personlege opplysningar som er gjeve av ein brukar i tilknytning til saksbehandling og/eller hjelpearbeid, kan etter samtykke fra brukaren brukast internt. 

Eg har lese gjennom denne erklæringa, og er dermed klar over straffelovens kapittel 21 samt markedsføringslovens § 28 og § 29. Eg er kjent med at brot på desse reglane kan medføre straffeansvar.

Eg er også klar over at teieplikta gjeld både i den tida eg er tilknytta frivilligsentralen og etter at mitt engasjement er avslutta. 

Som frivillig forpliktar eg meg til å: 

  • seie frå når eg er sjuk, eller av anna grunn er forhindra frå å koma 
  • seie frå når noko ikkje fungerer 
  • seie frå når eg ikkje kan fortsette mitt engasjement, også ferie/opphald 
  • seie frå når eg vil slutte

Eg er kjent med og godtek at kontaktperson (daglig leiar) har eit oppfølgingsansvar og dermed har krav på å høyre korleis kontakten med brukaren går. 

Relevante lover

Teiepliktas omfang

Teieplikta omfattar helse- og sjukdomstilhøve, kjensleliv, livssyn, og religion, familietilhøve og slektskap, utdanning, haldninger, arbeid og økonomiske situasjon, fødestad, personnummer, statsborgerskap, yrke, bustad og arbeidstad, - når brukaren gjev opplysningar til daglig leiar, frivillig hjelper, eller styret, som ledd i hjelpearbeidet, og når vidareformidling kan medføre skadevirkning for den det gjeld.

Bruk på nett

Teieplikta gjeld også dersom den frivillige har stadfesta at den er akseptert på ei nettside.

2024 © Øystre Slidre frivilligsentral