Utlånsrutiner

All bruk av utstyret skjer på eige ansvar.

Den som låner utstyret, må sjølv dekke kostnader ved reparasjonar eller innkjøp av nytt utstyr, dersom utstyret skulle bli øydelagt. Dette gjeld ikkje normal slitasje. Utstyret leverast tilbake i same tilstand som ved utlån. Lavvoar, redningsvestar, soveposar og anna utstyr skal vere tørt og reint ved innlevering. Avvik skal meldast frå om ved innlevering til Utstyrssentralen.

Utlånsreglar;  

•    Vanleg lånetid er maks. 7 dagar. Lengre lånetid kan avtalast.

•    Det forutsettast at lånetakar set seg inn i bruken av utstyret, og at bruk skjer forskriftsmessig og på eige ansvar.

•    Kajakk/kano krev spesielle kunnskapar, og vi forutset at lånetakar ved lån av kajakk/kano har kunnskap om   bruken. 

•    Kun vaksne over 18 år kan stå som lånetakar av utstyret. Dersom ungdom under 18 år ynskjer å låne utstyr, må dei ha fullmakt frå føresette.

•    Utlånar står ikkje ansvarleg ved skade på personar.

•    Den som låner utstyret er erstatningsansvarleg ved skada eller øydelagt utstyr.

•    Lever utstyret tilbake i same tilstand som ved utlån, gje beskjed viss noko er øydelagt eller dårlig. Ikkje reingjort/vått utstyr belastast med kr. 200 som erstatning.

•    For sein innlevering blir fakturert med kr. 100 pr. dag etter innleveringsdatoen.

Lånetakar signerer på utlånsskjema før utlevering

Utlånsreglar for Øystre Slidre Utstyrssentral,  Furustrand

Brosjyre Øystre Slidre utstyrssentral




Flere dokumenter

1. Helsebringande møteplass

Øystre Slidre Frivilligsentral har som hovudmål å vere eit kraftsenter for folkehelsearbeid og frivillig verksemd i Øystre Slidre. Slagordet er "Aktiv for trivsel". Sentralen held til i trivelege lokaler på Heggenes.

Kontaktinfo/om oss

4. Frivillig

Har du lyst til å vera frivillig?

05. Tur til Oslo

06. Tur til Eidsbugarden

08. Tur til Vågå

07. Tur til Hemsedal

7. Lag og foreningar

02. 10 års jubileum 2020

Med Winterwonderland som flott ramme feira vi 10 års jubileumet vårt på Bergo Hotell.🎉🎉 Takk til alle frivillige som bidreg til at Frivilligsentralen er liv laga. Hyggeleg å ha besøk av stortingspolitiker Marit Knutsdatter Strand som prata varmt om betydningen av frivilligheit, gode lokalmiljø og samhold. Så triveleg at ordførar Odd Erik Holden overraska oss med ei musikalsk gåve: ein konsert med Synvis. Og takk til husbandet vårt Skarvemellin som sørga for god dansemusikk og fin trim til langt på kveld. 💃 Vi gledar oss til 10 nye år😊

10. Tur til Hoel Gård

03. Felles feiring av juleaften

04. Tur til Heidal

09. Tur til Ellingsæter

Bli frivillig

Vi ønsker flere frivillige ved sentralen og her kan du melde din interesse.

5. Personvern

Personvernerklæring for Øystre Slidre frivilligsentral. Denne personvernerklæringa forklarer korleis vi handsamar personopplysningar som vi samlar inn for å utøve våre tenester for frivillige, brukarar og deltakarar ved sentralen. Øystre Slidre frivilligsentral er eigd av Øystre Slidre kommune. Dagleg leiar i sentralen er ansvarleg for å handsame personopplysningar.

6. Teieplikt

Personer som tek oppdrag for frivilligsentralen må ha akseptert teieplikt.

01. Årsrapportar

2. Faste aktivitetar

Vi har 13 faste aktivitetar : 4 trimgrupper, håndarbeidstreff, babytreff, lesestund, dansekveldar, musikk-/sangstund, sittedans (2 grupper), fredagskafé, trilleturar, hjelpeoppdrag.

3. Arrangement

Vi arrangerer frivilligfestar, aktivitetsdagar, Stølsveko (friluftskule), bussturar m.m.

Medarbeider

Lina Hovi, medarbeider 30 % stilling - Tlf. 90 55 55 88

Dagleg leiar

Liv Vingdal, leiar folkehelse/friskliv/frivilligsentral 100 % stilling - Tlf. 97 60 57 55

11. Tur til Lærdal

Utstyr til utlån

2020 © Øystre Slidre frivilligsentral