1. Helsebringande møteplass

Øystre Slidre Frivilligsentral har som hovudmål å vere eit kraftsenter for folkehelsearbeid og frivillig verksemd i Øystre Slidre. Slagordet er "Aktiv for trivsel". Sentralen held til i trivelege lokaler på Heggenes.

Velkommen til Øystre Slidre Frivilligsentral

  • Vil du bruke litt av di tid saman med andre?

  • Vil du delta på våre aktivitetar og treffe nye folk?

  • Vil du vera med å setja dine og andre sine idéar ut i livet?

Frivilligsentralen er kort sagt ein møteplass som formidlar kontakt mellom folk i lokalmiljøet - nokon treng hjelp og andre ynskjer å hjelpa.

Frivilligsentralen er ein stad kor gleda over å bruka seg sjølv er den betalinga ein får.


2024 © Øystre Slidre frivilligsentral