1. Helsebringande møteplass Øystre Slidre Frivilligsentral har som hovudmål å vere eit kraftsenter for folkehelsearbeid og frivillig verksemd i Øystre Slidre. Slagordet er "Aktiv for trivsel". Sentralen held til i trivelege lokaler på Heggenes.
10 års jubileum 2020 Med Winterwonderland som flott ramme feira vi 10 års jubileumet vårt på Bergo Hotell.🎉🎉 Takk til alle frivillige som bidreg til at Frivilligsentralen er liv laga. Hyggeleg å ha besøk av stortingspolitiker Marit Knutsdatter Strand som prata varmt om betydningen av frivilligheit, gode lokalmiljø og samhold. Så triveleg at ordførar Odd Erik Holden overraska oss med ei musikalsk gåve: ein konsert med Synvis. Og takk til husbandet vårt Skarvemellin som sørga for god dansemusikk og fin trim til langt på kveld. 💃 Vi gledar oss til 10 nye år😊
5. Personvern Personvernerklæring for Øystre Slidre frivilligsentral. Denne personvernerklæringa forklarer korleis vi handsamar personopplysningar som vi samlar inn for å utøve våre tenester for frivillige, brukarar og deltakarar ved sentralen. Øystre Slidre frivilligsentral er eigd av Øystre Slidre kommune. Dagleg leiar i sentralen er ansvarleg for å handsame personopplysningar.
2. Faste aktivitetar Vi har 12 faste aktivitetar : babytreff, håndarbeidstreff, lesestund, allsang, gamaldans, musikk/song/svall, sittedans, fredagskafé, sykkelmekking, utstyrssentral, bruktbua og hjelpeoppdrag.
3. Arrangement Vi arrangerer frivilligfestar, hyggetreff, aktivitetsdagar, nærturar, fjellturar, bussturar m.m.
Stølsveko/Friluftskule Stølsveko har vore arrangert ti gonger frå 2013-2022 og har vore eit ferietilbod for barn som går i 5.-7.klasse. Frå 2023 har Beito Aktiv vore arrangør.